torsdag 12. juni 2014

The end

Mitt Afrika-eventyr er over, for denne gong, og det er på tide å oppsummere og konkludere. Men korleis kan ein oppsummere ti månader i Afrika? Det er ikkje så lett. Eg har opplevd, lært og sett meir enn eg kan klare å skrive ut i ord her. Eg vil i alle fall anbefale alle å ta seg ein tur til Afrika, enten om det er på eit idrettsprosjekt eller på ferie. Der er ei utømmeleg kjelde av interessante stadar, folk og dyr å sjå. Eg trur ikkje du kjem til å angre på det. Personleg kan eg og anbefale Idrettens Fredskorps. Opplegget frå NIF si side er veldig bra, du vil lære og oppleve mykje meir enn du kan gjere på eit år i Noreg og du får satt ting i perspektiv. Det siste er ein klisje, men det er sant. Eg trur ikkje det var mange av de som les denne bloggen no, som tenkte over i dag tidleg kor fint det var med vatn i springen eller som stoppa opp ved kjøleskapet for å tenke over det enorme utvalget som møtte deg i døra. Det gjorde ikkje eg heller for eit år sida. Men i dag gjorde eg det.

Eg likar betre å oppsummere med bileter enn i ord, så eg har laga ein film med bileter frå Afrika, som viser nokre av minnene eg sit att med etter ti månader i Zimbabwe og Afrika:

https://www.youtube.com/watch?v=-EPF6tQO5-U&feature=youtu.be

Eg vil og nytte høvet til å takke
- NIF for eit bra opplegg
- Alle i Idrettens Fredskorps for kjekt reisefølge
- Reisesekken min som etter å ha vore med meg på alle skuledagar og reiser i meir enn 11 år fortsatt nektar å pensjonere seg.
- Min norske familie som har prata med meg på Skype og komt på besøk
- Min afrikanske vertsfamilie for å ha vore nettopp det, min familie
- Alle mine små afrikanske venar for å ha halde humøret mitt på topp i ti månader

tirsdag 10. juni 2014

Veke 45/45: Harare --> Johannesburg --> Sjøholt

På mi ferd heim til storbyen Sjøholt har eg vore innom storbyane Harare og Johannesburg. Mandag reiste eg til Harare i lag med koordinatoren min frå Bulawayo, Simba. Tirsdag hadde vi sluttevaluering av utvekslingsprogrammet i lag med dei to frå Zimbabwe som har vore i Noreg, ein frå Tanzania som og har vore i Zimbabwe og representantar frå organisasjonen vi høvesvis har blitt sendt av og jobba for, SRC (Sports and Recreation Commission). Kjekt å treffe alle igjen og få sagt farvel og eg følte vi hadde ei god evaluering som forhåpentlegvis kan gjere programmet enno betre i framtida. Vi hadde evalueringa på nydelege Harare Safari Lodge. Vi satt i ei åpen hytte og diskuterte og evaluerte medan ein sebra, ei to meter lang øgle og ein haug med apekattar luska rundt om kring. Når vi hadde pause sprang apekattane inn i hytta, stal drops, sprang opp i trea igjen, åpna plastikken på dropsa lett som ingenting og satt seg ned og naut belønninga. Diverre glømde eg å ta med meg kameraet.

Onsdag reiste eg vidare til Johannesburg for å slappe av litt for meg sjølv før eg skulle reise heimatt. Torsdag var eg på apartheidmuseet og ein tur til Soweto. Begge deler var veldig interessant. Soweto er ein stor, samansatt, historierik, fasinerande og ikonisk bydel i Johannesburg med om lag 1,3 millionar innbyggarar.
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Apartheid-museet
Orlando Towers, Soweto
Hector Pieterson Memorial, Soweto. Hector Pieterson blei drept av politiet under ein demonstrasjon mot apartheid-regimet i 1976, berre 13 år gamal. Eit bilete frå hendinga (som de kan sjå i bakgrunnen) og Hector sjølv har i ettertid blitt eit ikon på kampen og mostanden mot apartheid.
FNB Stadium, Soweto
På fredag traff eg dei sju norske som har vore i Zambia på flyplassen i Johannesburg. Kjekt å treffe dei att og å reise i lag heim att. Etter meir enn 30 timar på fly og flyplassar landa eg på Vigra der eg blei møtt med norske flagg av familien. Nok eit fint gjensyn! Noko av det første eg merka når eg kom ut av flyplassen var den friske gode lufta. Elles var det kjekt å sjå norsk natur att og å ete norsk mat. Allereie søndag måtte eg ha meg ein liten fjelltur og seinare på dagen var vi på middagsbuffet med mykje god norsk mat. Det var trist og rart å resie frå Bulawayo og Zimbabwe, og det har vore kjekt og rart å kome heim til Sjøholt og Noreg.
Heimbygda Sjøholt
Halve familien

torsdag 5. juni 2014

Veke 44: Farvel Bulawayo

Forrige veke brukte eg til å seie farvel til alle eg har blitt kjend med etter over ni månader i Bulawayo. Eg har hatt mine siste gymtimar i Afrika og sagt farvel til alle klassene eg har hatt, som eg har hatt det mykje gøy med. Eg har vore på mine siste aerobic- og styrketimar på treningsstudioet og sagt farvel til dei som jobbar der, som eg har svetta mykje i lag med. Eg har sagt farvel til mine venar frå fotballaget Chicken Inn, som eg har slått mange pasningar med. Eg har sagt farvel til dei på kontoret (SRC), som eg har jobba mykje i lag med. Laurdag var eg på avskjedslunsj med mine to norske vener, legeparet Jone og Gunn, som eg har ete mange gode middagar og vore på mange turar med. Og sist men ikkje minst måtte eg søndag og mandag morgon ta farvel med dei som har stått meg nærast i mi tid i Bulawayo: vertsfamilen min og alle mine små vener i nabolaget. Familien min tok meg godt i mot fra dag 1, har gjort heile opphaldet enklare og betre for meg og har vore nettopp det: familien min. No har eg ein familie i Noreg og ein i Zimbabwe. Søndag ettermiddag stelte dei i stand ein stor avskjedslunsj for meg, der dei inviterte slektningar og ein del ungar frå nabolaget. Vi var om lag 30 stk som åt god mat og dansa. Når det gjeld ungane i nabolaget har eg sett dei så godt som kvar dag og vi har leika mykje i lag, sykla/gått turar i lag, eg har hjulpe dei med lekser, vi har vore i kyrkja i lag, eg har tatt utallige bileter av dei og eg trur ryggen min har blitt sterkare i løpet av året etter å måtta bært på fleire og fleire av dei. Vi har blitt veldig knytt til kvarandre. For min del har smila, gleda, leikinga og latteren deira gitt meg mykje i seg sjølv. Dei blei felt nokre tårar søndag kveld og eg skal innrømme eg hadde ein klump i halsen sjølv. Eg saknar dei allereie.

Det er veldig rart å reise frå ein plass som er så langt vekke etter så lang tid, når eg har budd så tett på og blitt kjent med så mange folk. Eg har trivest veldig godt og eg kjem nok til å sakne det i lang tid framover. Eg må tilbake ein gong, så eg kjem nok til å sjå ein del av dei att, men samtidig veit eg at det er mange av dei eg mest sannsynlig aldri ser att.

Her er nokre bilete frå avskjedslunsjen søndag:




mandag 26. mai 2014

Veke 43

Denne veka har eg begynt på att med gymtimar på dei to skulane eg har jobba på etter jul. Skulane har nettopp hatt ein månads ferie (skuleåret her er ikkje likt det i Noreg) og åpna att førre veke. Det har vore kjekt å begynne på att med praktisk arbeid og det har, ikkje overraskande, vore populært blant elevane og. Eg har hatt nokre gymttimar kvar dag og eg føler at eg får assistert skulane ein del før eg reiser, så det er bra.
Friminutt
Torsdag fekk eg med meg min (sannsynlegvis) siste ZPL (Zimbabwe Premier League)-kamp før eg reiser. Serieleiar Highlanders møtte botnlaget Harare City (i fjor var begge topplag og begge endte med like mange poeng som gullvinnar Dynamos). I ein kamp med få store sjansar klarte Highlanders å hale i land ein 1-0 siger etter scoring av stortalentet Kudakwashe Mahachi. I januar blei Mahachi selt frå Chicken Inn til Highlanders. No er han allereie selt vidare til dei nykrona seriemeistrane i Sør-Afrika, Mamelodi Sundowns. Dette var hans siste kamp før han reiser til Sør-Afrika og det har vore snakk om prøvespel med Monaco. Eg får følge med han.

Fredag møtte eg Thuba, som nettopp har kome att frå Noreg, til lunsj i byen. Ho er frå Bulawayo og har vore på utveksling i Noreg under same program som meg. Ho har vore i lag med andre afrikanarar på Inderøy Folkehøgskule. Det var kjekt å utveksle erfaringar og høyre korleis ho har opplevd Noreg. Ho har trivdes godt og både lært og sett mykje nytt.

Laurdag gledde eg meg til å sjå Champions League-finalen på TV. Eg slengte meg ned i godstolen og skrudde på TVen, kun for å bli møtt av ein svart skjerm med beskjed om at TV-signalet hadde dutte ut. Eg vart eigentleg ikkje så veldig verken skuffa eller overraska. Ut i frå denne reaksjonen vil eg konkludere at eg har blitt van med litt av kvart etter nesten ti månader i Afrika. Eg slengte meg ned på senga og begynte å lese bok i staden. Ein halvtime ut i kampen kom plutseleg signalet tilbake, så eg fekk med meg siste kvarteret av første omgang. I pausen spurte min vertsfar om eg kunne bli med han å kjøre til jobben hans for å hente noko slik at han, sitat, "slapp å vere aleine dersom han skulle bli overfalt og rana". (Eg velger her å tru at han meinte om eg kunne bli med for å unngå at han skulle bli overfalt og rana.) Eg tenkte at eit så lukrativt tilbud kunne eg ikkje takke nei til. (Slapp av mamma, ettersom du no les denne bloggen, kan eg avsløre at eg overlevde turen.) Eg har no vore i Afrika i snart ti månader, utan å oppleve noko kriminalitet eller trøbbel. Eg hører stadig snakk om tjuvar og kriminelle ute på tokt, men eg trur det er litt oppskrytt. (Slapp av mamma, eg er forsiktig.) Tilbake til turen. Han sa vi skulle vere tilbake til andre omgang begynte. Eg trengte verken kuleramme eller reknepapir for å finne ut at det ikkje kom til å skje. Vi kjørte til lagerlokalet til min vertsfar og han gjekk inn for å hente det han skulle. I det andre omgang blei sparka i gang sto eg åleine ved bilen i tussmørket på eit stort industriområde og hørte på Zimbabwisk musikk på bilradioen og såg på stjernehimmelen (som er bedre her enn i dei lysfourensa områda i Noreg, spesielt når strømmen er vekk). Men eg fekk i alle fall med meg dei siste 20 minutta av andre omgang (og begge ekstraomgangane) og dermed det viktigaste. Så eg hadde vel eigentleg ein meir begivenheitsrik Champions League-finale enn dei fleste andre (kanskje med unntak av Gareth Bale).

Søndag var eg invitert av ein nabo eg kjenner godt til å bli med på ein dagstur til hans 'rural home'. Her i Zimbabwe er det mange som har eit hus på landsbygda som dei enten eig sjølv eller der foreldre eller slektningar bur. Her bur ein på ein meir gamaldags måte enn kva ein gjer i byane og driv som regel med jordbruk. Etter å først ha venta to timar på ein fortauskant i sentrum (noko eg har begynt å bli van med etter å ha reist med afrikanarar fleire gongar i løpet av dei siste ti månadane), kom endeleg han vi skulle få skyss med. Dei sa det var om lag ein time å kjøyre. Etter to timar, derav halvparten på ein humpete grusvei langt ut i bushen, var vi framme. Sett bort i frå at det vart ein lengre dag enn kva som vart lova på førehand (noko det alltid blir når ein skal reise med afrikanarar), var det ein veldig kjekk dag og eg er takknemleg for at eg blei invitert med. Eg møtte mange veldig hyggelege folk og fekk sett korleis ein bur og lev på landsbygda i Zimbabwe.
Årets maisavling


Kjøkken

Elles kan eg melde om kjølegare vær den siste veka, noko eg ikkje har forakta. Makstemperaturen har vore rundt 20 grader dei fleste dagar, enkelte dagar ikkje meir enn 18. (Noko som faktisk kjennes kjøleg etter ni månader med varme.) Spesielt om kvelden, natta og tidleg på morgonen er det kaldt, medan det midt på dagen fortsatt er ganske varmt i sola. Det blir og iskaldt inne i husa om natta, ettersom murhus ikkje kan tilby så mykje isolasjon. Endeleg er det behageleg sovetemperatur. Eg har til og med måtte tatt i bruk teppe! Ungane har funne fram vinterjakkene, men humøret er fortsatt på topp:


mandag 19. mai 2014

Helg 42: 17.mai-feiring i Harare

Fredag var det 17.mai-feiring i Harare arrangert av den norske ambassaden (ja, den var av ein eller anna grunn lagt til 16.mai). Eg reiste til og frå Harare i lag med Jone og Gunn som arbeider som legar her i Bulawayo. Vi budde og på same hotell i Harare. Fredag ettermiddag var det mottakelse i hagen til den eine ambassadøren (ja, han budde ganske fint). Då var det talar og synging av den norske og zimbabwiske nasjonalsangen og god norsk mat å få. Vi anslo at der var rundt 300 stykker til stades. Flesteparten var nok ambassadørar frå andre land, businessfolk, familie og venar av desse og nokre få nordmenn. På kvelden var det fest same stad. Då var det fin live-musikk, enda meir god mat og fri bar tilgjengelig. No var det om lag halvparten så mange til stades og ei litt meir uformell stemning. Vi var litt spente på kor mange nordmenn som ville vere til stades og det var faktisk så få at vi sleit med å finne nokre i det heile tatt. Eg snakka knapt med ein nordmann i det heile, eg snakka meir med tyskarar og zimbabwera. Spesielt mottakinga var litt for stivpynta for min smak og eg følte at heile arrangementet var meir eit arrangement for fiffen i Harare enn for oss få nordmenna til stades. Sånn sett fekk eg eigentleg ikkje noko norsk kjensle av det heile, men det var no kjekt likevel.

Laurdag gjekk eg, Jone og Gunn litt rundt i byen og var innom eit marked og eit kunstmuseum. På kvelden åt vi 17.mai-middag på ein fin restaurant. Vi åt alle kudu til hovudrett, noko som var nydeleg godt. Søndag kjørte vi heim. Eg fekk kjøre mesteparten av turen, noko som og var veldig kjekt (eg har kun kjørt bil nokre få dagar i jula sidan eg reiste hit i august). Vi hadde med andre ord ei kjekk helg i lag!

Elles var det veldig deilig og ganske rart å bu på hotell. Vi budde på Hotel Bronte som er eit av dei finaste og mest behagelege hotella eg har budd på på lenge. God atmosfære og nydeleg frukost med utsikt til den store hotellhagen. Samtidig var heile denne helga ei påminning om dei store skilnadane i Zimbabwe og i Afrika. Det var for eksempel uvant å bu i den luksusen ein har på hotell (frokostbuffet, dusj med varmt vatn, unødvendig mange handkle, o.l.). Eg tenker nok meir over slike ting no enn tidlegare. Det var for eksempel ein stor kontrast til der eg bur i Bulawayo. Dei hadde kanskje bedre mat på ambassaden, men folka i nabolaget der eg bur er i alle fall flinkare sosialt enn dei eg møtte på ambassaden. Det er kanskje harde ord, men eg føler eg har lov til det når ingen frå den norske ambassaden kom for å snakke med meg når eg var der ein halv dag. Eg var så vidt innom ambassaden når eg kom i august, sidan har eg ikkje vore i kontakt med dei. Likevel var det ingen som kom for å spørre meg korleis eg har hatt det etter over ni månader "åleine" på eit norsk prosjekt i Zimbabwe, tre veker før eg reiser heim. Sånn sett var det godt å kome heim til Bulawayo der det tok knapt to minutt før både familie, naboar og vener hadde spurt meg korleis eg hadde hatt det i Harare. Zimbabwe-Norge 1-0.

Ein del av hotellhagen på Hotel Bronte
17.mai-frokost
Gunn og Jone

søndag 11. mai 2014

Veke 41

Denne veka, som dei siste vekene, har eg jobba mest med eksamen. Eg har no klart å bli så godt som ferdig, i god tid før innlevering (før heimreise i juni). Det er veldig deilig å vere ferdig i god tid, så no skal eg verkeleg nyte dei siste vekene i Afrika. I staden for å lese pensumlitteratur kan eg no heller lese bøker. Eg har fått låne tre interessante bøker om Afrika av mine gode norske vener, Jone og Gunn, som arbeider som legar her i Bulawayo.
Bøker om høvesvis Kongo, Zimbabwe og Sør-Afrika
Eg trivst fortsatt veldig godt her i Bulawayo, Zimbabwe og Afrika. Det meste er annleis samanlikna med Noreg, men eg er blitt så van med det at eg ikkje tenker over det lenger. Inntrykka er ikkje like sterke som i byrjinga. Her er eit par ting som har skjedd i det siste, som ikkje kunne skjedd i Noreg, men som eg likevel ikkje stussar på lenger:

Berre det å ha hushjelp som bur heime med oss og som gjer det meste av husarbeid var litt uvant i starten, men no kjennes det heilt vanleg. Den nye hushjelpa vår (vi har hatt i alle fall 6 ulike sidan eg kom) kan ikkje vaske ein mann sitt undertøy på grunn av tradisjon eller religion eller noko sånt. Så i det siste har eg måtte vaska dei sjøl. For hand så klart:

Naboen (det er under to meter mellom husa, adskilt av ein to meter høg mur) hadde kyrkjemøte heime med seg her ein dag. Hundane våre stemte i:

Ein kombitur (busstur) heim kan vere slik:

Elles har håret mitt (og skuldrane mine) blitt særskilt populært i det siste:

Ein dag eg var ute og gjekk i nabolaget og såg ei jente på 7-8 år, som eg kjenner godt, som sto lent inntil ein stolpe og såg seg rundt.
Eg sa: "How are you?"
Ho: "I'm fine."
Eg: "What are you doing?"
Ho: "Ah, just standing."
Det synest eg var eit godt svar og ganske morosamt. Det var og er eit bra bilete på livet og mentaliteten i Afrika.

søndag 4. mai 2014

Veke 40

Denne veka har eg jobba mest med eksamen, så dei fleste dagane har vore om lag slik:
- Frukost
- Trening (enten sykkeltur eller treningsstudio)
- Lunsj i byen
- Eksamensskriving på biblioteket i byen
- Gåtur i nabolaget for å nyte solnedgangen og stemninga
- Middag og avslapping heime med familien
Har fått gjort ein del på eksamensoppgåva kvar dag, så eg skal nok sleppe å måtte stresse på slutten i alle fall. Torsdag 1.mai er fridag her og, så då var eg først på 2,5-timers aerobic-maraton på mitt faste treningsstudio i byen, før eg var på lokalderby i Zimbabwe Premier League mellom Chicken Inn og Highlanders. Det var ein gøy og underhaldande kamp der Chicken Inn utlikna til 1-1 5 minutt på overtid. Veldig kjekt og ganske rart å sjå laget eg har trent med så lenge i aksjon på ein såpass stor arena. Bra at dei klarte å få med seg eit poeng mot serieleiar Highlanders.

Eg kompenserer for eit noko kort innlegg med nokre bilete frå denne vekas lufteturar i nabolaget, der eg som regel får selskap av ein haug med ungar. Har lært en del av dei å bruke kameraet mitt, så alle desse bilda er tatt av dei: